AOH‑stiftelsen

Aud og Olav Hjortesets alminnelige stiftelse

Bakgrunn

Historia om stiftinga er tett knytt til Olav Hjorteset sitt livslange band til Hyen og ønskjet om å gje noko varig tilbake til bygda.

Hyen

Hyen er eit sokn i Gloppen kommune i Nordfjord, omgjeve av fjord, dalføre og bratte fjellsider. Hyen strekkjer seg frå fjordlandskapet inst i Hyefjorden og vidare innover bygda med bustadområde, gardstun og spreidd busetnad. Næringslivet i Hyen er prega av både tradisjon og nyskaping, med jordbruk, lokalt næringsliv, entreprenørverksemd og andre arbeidsplassar som viktige delar av bygda. Det bur om lag 500 innbyggjarar i Hyen, og bygda har eit aktivt lokalsamfunn med mange frivillige lag og organisasjonar.

Stiftar

Olav Hjorteset (f. 1934) vaks opp på garden Hjorteset i Hyen i Nordfjord, som nest yngst av elleve sysken. Han voks opp med det sterke samhaldet på garden, i grenda og i kulturen i bygda. Det gløymde han aldri, og han har seinare uttrykt at «betre ballast til å meistre livet kunne ingen få». Han hadde gjennom alle år eit sterkt band til Hyen.

Etter endt skulegang og nokre års arbeid i Hyen drog han aust for langfjella og etablerte etter kvart bygningsfirmaet Brødrene Hjorteset AS saman med broren Magnus. Olav gifte seg med Aud, og dei levde i lag fram til Olav vart enkjemann i 2013.

Aud og Olav blei verande barnlause, og i 2022 gav Olav ein stor del av formua til den nyoppretta stiftinga «Aud og Olav Hjortesets alminnelige stiftelse», forkorta til AOH‑stiftelsen, med eit formål om å vere til beste for bygda Hyen.

«Eg vil gjerne gje noko tilbake til bygda eg er så glad i.»
Olav Hjorteset (foto Olaug Brechan)
Olav Hjorteset (foto Olaug Brechan)